Vegard Flatøy er tilsett som redaktør i Nordhordland
– Hjartet mitt er i Nordhordland, både i avisa og i regionen, seier den nye ansvarlege redaktøren i Avisa Nordhordland, Vegard Flatøy.

Vegard Flatøy er tilsett som redaktør i Nordhordland

25. januar 2023

Vegard Flatøy (36) er tilsett som ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Avisa Nordhordland. Han kjem frå stillinga som journalist i avisa, og tek til i jobben 10. februar.

 

 

– Dette betyr veldig mykje for meg, fordi hjartet mitt er i Nordhordland. Då meiner eg både i avisa og i regionen.

– Det har vore inspirerande å jobbe med ein redaktør som Sølve Rydland. Saman med redaksjonen har han løfta NH til ei avis som er relevant for folk i Nordhordland og Gulen. Samstundes som vi fremjar lokal kultur og identitet. Alt ligg til rette for å utvikle avisa vidare.

Vegard Flatøy har vore journalist i avisa sidan hausten 2020, og har markert seg som ein dyktig journalist med stor kunnskap om det som skjer i Nordhordland og Gulen. Han har særleg markert seg med levande og skarpe reportasjar frå næringsliv, kulturliv og daglegliv.

Vegard kjem frå Flatøy, men bur no i Knarvik, og har eit stort kontaktnett i Nordhordland og Gulen. Han har utdanning innan merkevarekommunikasjon og samfunnsgeografi og har yrkeserfaring frå journalistikk, undervisning og har jobba med kommunikasjon – mellom anna i Festspillene i Bergen. 

Flatøy har òg markert seg som ein grunder innan kulturlivet, og er mannen bak den lokale festivalen Flatøy Rock. Under pandemien arrangerte han den digitale musikkfestivalen Lockdown Festival på Malta. For arbeidet med festivalen mottok han EU-parlamentet sin pris “European Citizen`s Award”.

Styreleiar i Avisa Nordhordland, Svein Atle Huus, seier han er svært glad for at Flatøy har takka ja til jobben. Han meiner Flatøy har føresetnadane som skal til for at Nordhordland skal vera ei nær, viktig og engasjerande lokalavis.

– Med den varierte bakgrunnen, den solide forståinga og engasjementet for journalistikken og lokalavisa si rolle i lokalsamfunnet, har eg stor tru på at han vil bli ein god leiar for avisa i ein tøff konkurransesituasjon i kampen om å vinna tida til folk. Saman med den talentfulle og kompetente redaksjonen i avisa, vil han kunne løfte avisa vidare og styrke posisjonen vår i regionen. Dette er òg eit godt døme på at det finst gode karrieremoglegheiter i avisene i Amedia, for dei som har ambisjonar om å bli leiarar, seier Svein Atle Huus.

Avtroppande redaktør Sølve Rydland, som frå 1. mars startar som politisk redaktør i Bergensavisen, er trygg på at Flatøy er rett mann til å ta stafettpinnen vidare i avisa:

– Vegard har ei genuin og ekte interesse og forståing for alt som rører seg i Nordhordland og Gulen. Han har det engasjementet som skal til for at avisa i endå større grad skal få ut potensialet sitt, og vera ei drivkraft som dagleg tek pulsen på livet i distriktet. Vegard har ikkje berre lokalkunnskap, han har eit brennande og bankande hjarte for dekningsområdet til avisa. Han er ei kreativ sjel, som har vist at han har stor skaparkraft, seier Rydland.

 

Amedia logo

Telefon 22 00 90 00

Org nr. 917 127 328

Personvern

Besøksadresse

Schweigaards gate 15
Postboks 1168 Sentrum
0107 Oslo

Fakturaadresse

(selskapsnavn AS)
Postboks 123
2027 KJELLER