Skip to main content

Jærbladet søkjer journalist

Jærbladet er lokalavisa for Time, Klepp og Hå, med eit nedslagsfelt på vel 60 000 menneske. Jærbladet er ein del av Amedia, landets største utgjevar av lokale medium. Med redaksjonelle medarbeidarar over heile landet sørgjer me for at lesarane våre blir løpande oppdaterte med nyheiter og anna viktig innhald.

 

Amedia er Noregs største utgivar av redaktørstyrte medium og eit leiande nordisk mediekonsern. Amedia eig Berlingske Media i Danmark og det redaksjonelle nettverket vårt omfattar meir enn 250 avistitlar i Noreg, Danmark og Sverige, gjennom heileigd og deleigd verksemd og partnarskap. Konsernet har 2300 tilsette i Noreg og Danmark og omsette i 2025 for 5 milliardar kroner.


Dagleg når dei 108 norske avisene våre meir enn to millionar lesarar.

Jærbladet søkjer etter ein nyheitsjournalist til eit årsvikariat.

 

Vi søkjer ein journalist som er initiativrik, trivst med eit høgt tempo og både kan laga dei raske nyheitssakene og gå meir i djupna.

 

I Jærbladet får du ein variert arbeidskvardag, og hos oss får du jobba med eit viktig samfunnsoppdrag.

 

Det er ein fordel om du har jobba som journalist tidlegare og har journalistutdanning. Du må ha førarkort.

 

I tillegg til gode kollegaer lokalt vil du få glede av at heile Amedia-nettverket kontinuerleg deler kunnskap om innhaldsutvikling og god journalistikk. 

 

Amedia er eit stort konsern som satsar over heile landet.

 

Oppstart er 21. september 2026. 

 

Frilansarar og tilkallingsvikarar

Ønskjer du eit mindre engasjement, har Jærbladet også behov for tilkallingsvikarar og frilansarar.

 

Kontaktinformasjon

Synest du dette høyrest interessant ut? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat:

 

Kent Roar Nybø, sjefredaktør: [email protected] / 452 36 863

Simon Hobberstad, redaksjonssjef: [email protected] / 458 65 423

Snorre Standish Norheim, journalist/klubbleiar: [email protected] / 928 16 163



 


 

Om denne stillingen

Arbeidsgiver:
Jærbladet AS
Nettside:
www.jbl.no
Søknadsfrist:
2026-08-23
Arbeidsplass:
Meierigata 22, Bryne
Tittel:
Journalist
Sektor:
Privat
Ansettelsesform:
Midlertidig
Stillingstype:
Vikariat
Antall stillinger:
1

Simon Hobberstad

Redaksjonssjef

[email protected]

+4745865423