24. april 2023
Sogn Avis er kåra til Årets lokalavis av Landslaget for lokalaviser (LLA). «Sogn Avis jobbar systematisk og målretta, og får igjen for det. Avisa kan vise til solid vekst i oppslutning og i publikums bruk av både tid og mengde innhald,» skriv juryen i si grunngjeving.
– Dette er de i tilsette i Sogn Avis sin pris, kvar og ein av dei. Det er dei som har gjort dette her, seier ansvarleg redaktør Arve Uglum.
– Det er den største anerkjenninga me kan få i faget me driv med – det er ingenting større enn dette, seier han.
Tildelinga skjedde på landsmøtet til LLA i Tromsø 22. april.
Avisa vann også prisen for Årets historieforteljing ved Kyrre Fitje for reportasjen om padlaren Eirik som nesten mista livet i Tyrkia.
Les om prisane til Sogn Avis
Fleire av Amedias aviser og partneraviser blei tildelt både prisar og heider under LLAs prisfest i Tromsø:
Årets digitale satsing
Vinner: Avisa Hordaland for Full tank
Journalistprisen
Heiderleg omtale: Steinkjer-avisa sin Pride-spesial
Årets lokalavisfoto
Heiderleg omtale: Vidar Herre, Hordaland (to heiderleg omtale)
Årets lokalavisside (publikumspris)
Nominert blant finalistane: Fanaposten med «Frivillige kjører ambulanse seks dager i uken»