Redaktørbyte i Hordaland og Firda
Firda-redaktør Kai Aage Pedersen (t.h.) som blir konstituert som ansvarleg redaktør og daglig leiar i avisa Hordaland. Nyheitsredaktør Øystein Silde Frønsdal blir konstituert i tilsvarande rolle i Firda. (Foto: Synne Muren Olsen, Firda)

Redaktørbyte i Hordaland og Firda

05. mars 2025

Firda-redaktør Kai Aage Pedersen (59) blir konstituert som ansvarleg redaktør og dagleg leiar i avisa Hordaland på Voss. I den perioden Pedersen skal leie Hordaland, blir nyheitsredaktør Øystein Silde Frønsdal (29) konstituert i tilsvarande rolle i Firda.

Ansvarleg redaktør i Hordaland, Ingvil Aaen Torpe, varsla i slutten av januar at ho ville slutte i avisa for å gå over i ei anna rolle i eit nytt selskap. 

– Samtidig ser vi behov for å halde god fart i omstillinga som avisa står i, fram til ny ansvarleg redaktør er på plass. Difor har vi valt å be Kai Aage Pedersen om å ta på seg oppgåva med å leie Hordaland ei tid framover. Han er ein svært erfaren og kompetent redaksjonell toppleiar, som kjenner mediemarknaden på Vestlandet godt, seier styreleiar Svein Atle Huus.

Han opplyser at styret har ambisjon om å finne ansvarleg redaktør i Hordaland på permanent basis som kan starte i stillinga i løpet av hausten.

– Hordaland er ei solid og tradisjonsrik avis som leverer viktig journalistikk i dekningsområdet sitt. Det er eit svært godt utgangspunkt å jobbe vidare med. No ser eg fram til å bli kjend med dei tilsette, og i lag  med dei gå laus på utfordringane som ventar, seier Kai Aage Pedersen.

Øystein Silde Frønsdal blir konstituert som ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Firda i den tida Pedersen har permisjon. Frønsdal har vore nyheitsredaktør i avisa dei tre siste åra.

– Øystein kjenner Firda og Sunnfjord godt. Eg er heilt trygg på at han vil fylle denne rolla på ein god måte. Han har vore tett på redaksjonen i dei åra han har vore nyheitsredaktør og vil kunne utvikle avisa vidare. Dette blir ei bra løysing, seier Svein Atle Huus.

– Eg opplever det som ei tillitserklæring å bli spurd om å leie Firda når Kai Aage for ein periode skal ha ei leiarrolle i ei anna viktig vestlandsavis. Eg ser store moglegheiter for Firda med den dyktige og erfarne gjengen som jobbar her. Eg går laus på oppgåva med iver og entusiasme, og skal gjere mitt beste for at Firda held fram med å levere viktig og relevant journalistikk for innbyggarane i dekningsområdet, seier Øystein Silde Frønsdal.

Silde Frønsdal går inn i den nye rolla i Firda 15. mars og Pedersen blir konstituert i Hordaland frå 24. mars.

Amedia logo

Telefon 22 00 90 00

Org nr. 917 127 328

Personvern

Besøksadresse

Schweigaards gate 15
Postboks 1168 Sentrum
0107 Oslo

Fakturaadresse

(selskapsnavn AS)
Postboks 123
2027 KJELLER