28. mai 2025
Øystein Silde Frønsdal (29) er tilsett som ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar i avisa Hordaland på Voss. Han kjem frå avisa Firda, der han har vore konstituert i ei tilsvarande rolle sidan mars.
– Å forlate Firda og Førde er ikkje noko eg gjer med lett hjarte, men det ville rett og slett blitt for dumt å la denne moglegheita gå forbi. Eg er heilt sikker på at dette er ein god match, og gler meg veldig til å ta fatt på jobben, seier Frønsdal.
Øystein Silde Frønsdal har brei redaksjonell erfaring, mellom anna som journalist, nyheitsredaktør og konstituert ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Firda, der han begynte i 2021. Han har også bakgrunn frå Nynorsk Avissenter i Førde og avisa Grannar i Etne.
– Hordaland har ein sterk posisjon i eit spennande dekningsområde. Det bør vere eit godt utgangspunkt for å halde fram med å lage ei knakande god avis. Eg har høyrt mykje bra om Voss, dei som bur der og gjengen i Hordaland, så eg ser verkeleg fram til å bli endå betre kjend med både staden og folka.
– Øystein har vist seg som ein tydeleg, digitalt sterk og omstillingsdyktig leiar med stor læringsvilje og eit sterkt redaksjonelt engasjement. Eg meiner han er rett person til å leie Hordaland og er svært fornøgd med tilsettinga, seier styreleiar Svein Atle Huus.
Øystein Silde Frønsdal startar i stillinga i Hordaland i midten av august.