Eli Grotle konstituerast i Sogn Avis
Eli Grotle blir konstituert som ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Sogn Avis når Arve Uglum sluttar 10. september. Ho er no nyheitsredaktør i avisa.
Eli Grotle har brei erfaring som journalist og redaktør i Sogn Avis. Ho har også tidlegare vore konstituert som toppleiar i avisa og har i andre periodar vikariert som ansvarleg redaktør ved fråvær. Då Sogn Avis gjekk gjennom ein stor endrings- og digitaliseringsprosess for nokre år sidan, hadde ho ei sentral rolle.
– Det er sjølvsagt fint å bli peika på med spørsmål om å ta på seg dette ansvaret når Arve skal gå over i ny jobb. Aller viktigast for meg er at dette også er ei løysing redaksjonen ønskjer seg. Med førti års fartstid no i august, så kan me vel trygt slå fast at dei veit kva dei får. På godt og vondt, seier Eli Grotle og legg til at å vera konstituert redaktør er heller ikkje noko ukjent oppgåve.
– Eg hadde den rolla i ti månader i 2020. Den gongen stod me i ei krevjande omstilling, med overgangen til Amedia i januar og nedstenging av landet i mars.
– Sjølv om det alltid kjem nye omstillingar og endringar, så har me ein gjeng som veit kva som må til for å levere det som skal til for at me held på den trufaste abonnementsskaren me har og faktisk også klarer å auke litt etter litt. Me har lagt bak oss ein god seinsommar, med ekstra gode lesartal. Så me er i fin flyt, noko som eg håpar eg kan bidra til at me også vil vere framover hausten, seier Eli Grotle.
– Når me hadde behov for å setja inn ein leiar rett etter sommaren, er eg veldig glad for at Eli takka ja til å ta på seg denne oppgåva. Med si lange og breie erfaring frå avisa, kjenner ho godt til kva som trengst for å lykkast. Eg er trygg på at ho og den dyktige redaksjonen framleis vil skapa eit godt og spennande produkt for lesarar og annonsørar, seier styreleiar Svein Atle Huus.