Skip to main content
Cato Husabø Fossen blir sjefredaktør i Sogn Avis
– For meg er dette stort og djupt meiningsfullt, å få vende tilbake til journalistikken som sjefredaktør i eit regionalt viktig mediehus, seier påtroppande sjefredaktør i Sogn Avis, Cato Husabø Fossen. (Foto: Høgre)

Cato Husabø Fossen blir sjefredaktør i Sogn Avis

23. april 2026

Cato Husabø Fossen (33) er tilsett som sjefredaktør og dagleg leiar i Sogn Avis. Etter fem år som Erna Solbergs pressesjef returnerer han til journalistikken

– For meg er dette stort og djupt meiningsfullt. Eg får vende tilbake til journalistikken som sjefredaktør i eit regionalt viktig mediehus med sterk posisjon, truverd og stor betydning for folk i den delen av landet eg sjølv kjem frå. Sogn Avis har spelt ei viktig rolle i livet og kvardagen til generasjonar av sogningar, og er godt rusta for å gjere det også i framtida. Eg gler meg til å bli kjent med redaksjonen, og til å vere med å løfte avisa og journalistikken vidare,  seier han.

Sogn Avis vart kåra til både Årets lokalavis i Norge og Årets mediehus i Amedia så seint som i 2023.

Cato Husabø Fossen var pressesjef og kommunikasjonssjef i Høgre frå 2020 og fram til partiets landsmøte i februar i år, der Erna Solberg gjekk av som leiar. I heile denne perioden jobba han tett med den tidlegare statsministeren, og var ein av hennar næraste rådgjevarar.  Før åra i toppolitikken var Fossen politisk reporter i NRK og programleiar for Dagsrevyen. Han har også vore politisk journalist i VG og TV 2. Han er frå Førde og starta journalistkarriera i avisa Firda som 18-åring.

– At vi har solide og etterrettelege medier tilstades i heile landet er viktig for demokratiet, utvikling av samfunnet og for fellesskapen mellom folk. Ei god lokalavis skal fortelje kva som skjer, engasjere og begeistre. Men også grave i det som betyr noko, sjå menneske som elles kunne blitt oversett og utfordre dei med ansvar og makt. Sogn Avis har eit sterkt fundament for alt dette, som vi no skal byggje vidare på, seier Fossen.

Med sine 33 år blir Fossen ein av landets yngste toppleiarar for eit mediehus av denne storleiken.

– Cato er ein person med lang og svært relevant erfaring frå både journalistikk,  kommunikasjon og leiing, trass sin unge alder. Vi er glade for å kunne hente han tilbake til journalistikken, no som toppleiar for ei viktig lokalavis som har hatt ei svært god utvikling dei siste åra. Dette er eit uttrykk for at vi ønskjer å satse vidare for å styrke journalistikken og posisjonen til Sogn Avis, seier  styreleiar Svein Atle Huus.

– Bakgrunnen hans har gitt han stor innsikt og forståing for korleis samfunna våre fungerer, og kva rolle journalistikken og lokalavisene har. Han er kunnskapsrik, engasjert og tydeleg. Som ny leiar i Sogn Avis er eg sikker på at han vil vere ein pådrivar for å vidareutvikle avisa, i lag med heile redaksjonen. Eg er svært fornøgd med denne tilsettinga, seier  Huus.

Cato Husabø Fossen tiltrer som sjefredaktør og dagleg leiar i Sogn Avis 1. august.