Jærbladet søkjer journalist

Jærbladet er lokalavisa for Time, Klepp og Hå, med eit nedslagsfelt på vel 60.000 innbyggjarar. Jærbladet er del av Amedia, den største utgjevaren av lokale, redaktørstyrte medium i landet. Med redaksjonelle medarbeidarar over heile landet sørgjer Amedia for at lesarane blir løpande oppdaterte med nyheiter og anna viktig innhald. Amedia er leiande på lokal avisutvikling. Dagleg når konsernet over to millionar lesarar gjennom sine 109 titlar. Konsernet har 2100 tilsette og omsette i 2023 for 4,1 milliardar kroner. Amedia er sertifisert av Great Place To Work. Sertifiseringa stadfestar at medarbeidarane våre opplever organisasjonen som ein god stad å arbeida. Les meir på karrieresidene våre på Amedia.no om korleis det er å jobba i Amedia. Følg oss også gjerne på LinkedIn.

Jærbladet styrker laget og søkjer etter ein journalist til ei fast stilling i redaksjonen vår på Bryne. 

Me er ei tradisjonsrik avis med sterk digital vekst, og me ønskjer oss ein kollega som brenn for lokalsamfunn og lokaljournalistikk. Er du idérik i jakta på dei gode historiene, kan du vera den me leitar etter.

Me ser etter ein journalist som er initiativrik, har eigne idéar og som trivst med høgt tempo. Den rette kandidaten kan både laga kjappe nyheitsoppdateringar og gå djupare inn i saker. Det er ønskjeleg at du har jobba som journalist før, er journalistutdanna og har førarkort. Videokompetanse er ein fordel.

For å sikra at lesarane våre kan halda seg oppdaterte på siste nytt morgon og kveld, både kvardag og helg, går journalistane i Jærbladet i turnus. I tillegg til gode kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø lokalt, vil du få glede av at heile Amedia-nettverket kontinuerleg deler kunnskap om innhaldsutvikling og god journalistikk. 

 

Søknadsfrist: 8. september

 

Har du spørsmål om stillinga, kan du kontakta:
 

Kent Roar Nybø, ansvarleg redaktør og dagleg leiar
Tlf 452 36 863, e-post [email protected]

Snorre Standish Norheim, klubbleiar
Tlf 928 16 163, e-post [email protected]


 

Om denne stillingen

Arbeidsgiver:
Jærbladet AS
Nettside:
www.jbl.no
Søknadsfrist:
2024-09-09
Tittel:
Journalist
Sektor:
Privat
Ansettelsesform:
Fast stilling
Stillingstype:
Fast
Omfang:
Fulltid
Antall stillinger:
1

Kent Roar Nybø

Sjefredaktør

[email protected]

+4745236863

Amedia logo

Telefon 22 00 90 00

Org nr. 917 127 328

Personvern

Besøksadresse

Schweigaards gate 15
Postboks 1168 Sentrum
0107 Oslo

Fakturaadresse

(selskapsnavn AS)
Postboks 123
2027 KJELLER