Jærbladet er lokalavisa for Time, Klepp og Hå, med eit nedslagsfelt på vel 60.000 innbyggjarar. Jærbladet er del av Amedia, den største utgjevaren av lokale, redaktørstyrte medium i landet. Med redaksjonelle medarbeidarar over heile landet sørgjer Amedia for at lesarane blir løpande oppdaterte med nyheiter og anna viktig innhald. Amedia er leiande på lokal avisutvikling. Dagleg når konsernet over to millionar lesarar gjennom sine 109 titlar. Konsernet har 2100 tilsette og omsette i 2023 for 4,1 milliardar kroner. Amedia er sertifisert av Great Place To Work. Sertifiseringa stadfestar at medarbeidarane våre opplever organisasjonen som ein god stad å arbeida. Les meir på karrieresidene våre på Amedia.no om korleis det er å jobba i Amedia. Følg oss også gjerne på LinkedIn.
Me er ei tradisjonsrik avis med sterk digital vekst, og me ønskjer oss ein kollega som er god til å snappa opp nyheiter som det blir snakka om rundt middagsbordet. Den nye journalisten me skal tilsetja, vil også bli ein del av frontsjef-laget vårt.
Som frontsjef bidreg du til at Jærbladet har ei levande og innbydande forside, og held aktiviteten oppe i sosiale medium. Frontsjefane våre er også gode til å rykkja ut raskt når det skjer ting i lokalmiljøet.
Kjenner du deg igjen i dette, kan du vera den me er på jakt etter:
I Jærbladet får du ein interessant og variert arbeidskvardag, og du får jobba med eit viktig samfunnsoppdrag. I tillegg til gode kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø lokalt, vil du få glede av at heile Amedia-nettverket kontinuerleg deler kunnskap om innhaldsutvikling og god journalistikk. Det er ønskjeleg at du har jobba som journalist tidlegare, er journalistutdanna og har førarkort.
Søknadsfrist: 8. september
Har du spørsmål om stillinga, kan du kontakta:
Kent Roar Nybø, ansvarleg redaktør og dagleg leiar
Tlf 452 36 863, e-post [email protected]
Snorre Standish Norheim, klubbleiar
Tlf 928 16 163, e-post [email protected]