Gjer ein forskjell i lokalsamfunnet: Bli journalist i Kvinnheringen

Kvinnheringen er den største lokalavisa i Kvinnherad, med eit opplag på rundt 3973 (1. halvår 2024). Dei siste åra har vi vunne fleire prisar, og hatt ein solid digital vekst. Kvinnheringen er eigd av Amedia-konsernet, som eig aviser over heile landet. Amedia er landets største utgivar av redaktørstyrte medium og leiande på lokal avisutvikling. Dagleg når konsernet over to millionar lesarar gjennom sine 109 media. Konsernet har 2.100 tilsette og omsette for 4,1 milliardar kroner i 2023. Amedia er sertifisert av Great Place to Work. Sertifiseringa bekreftar og er eit bevis på at medarbeidarane våre opplever organisasjonen som ein god stad å jobba. Les meir om korleis det er å jobba i Amedia på karrieresidene våre på Amedia.no, og følg oss på LinkedIn.

Kvinnheringen søkjer journalistar med lokalkunnskap og eit godt kontaktnett i lokalsamfunnet, både til fast stilling og vikariat.

Kvinnheringen skal dagleg servera folk i Kvinnherad journalistikk om det folk flest snakkar om og er opptekne av. Vi skal levera kritisk, uavhengig og god journalistikk, og vera ei open og inkluderande avis. Derfor treng vi dei beste journalistane! Ikkje gå glipp av denne unike sjansen til å søkja jobb i den størstelokalavisa i Kvinnherad.

Vi ser etter deg som:
  • trivst med å rykka ut på store og små hendingar og rapportera direkte frå felten, med tekst, bilde og video
  • er språksikker, idérik, sjølvstendig og tar initiativ
  • skjønar korleis god journalistikk skal presenterast for å vekka interesse
  • likar høgt arbeidstempo og varierte arbeidskvardagar
Vi kan tilby: 
  • eit godt arbeidsmiljø
  • ei viktig rolle i ei lokalavis som skal bety noko for kvinnheringane
  • ein variert og spennande arbeidskvardag
  • gode høve til personleg utvikling i landets største mediekonsern
Å jobba som journalist krev at du er allsidig og kan bidra der det er behov. Vi treng journalistar med kompetanse og interesse for blant anna politikk, næringsliv, hendingar, kultur, sport, foto og video.
Men vi vil gjerne vita meir om dei sterke sidene dine, så skriv gjerne om kva du likar best å jobba med og om du har spesialkompetanse på nokre område. Vi legg vekt på digital kompetanse og relevant erfaring, og du må ha førarkort og disponera bil.

Om du ønskjer ein prat og litt meir informasjon, kontakt redaktør Mona Grønningen på [email protected], eller ring 99224355.
Du kan også kontakta NJ-leiar Jonn Karl Sætre på [email protected] eller ring 99520861.

Søknadsfristen er 8. september

Om denne stillingen

Arbeidsgiver:
Kvinnheringen AS
Nettside:
www.kvinnheringen.no
Søknadsfrist:
2024-09-09
Tittel:
Journalist
Sektor:
Privat
Ansettelsesform:
Fast stilling
Stillingstype:
Fast
Omfang:
Fulltid
Antall stillinger:
2

Mona Grønningen

Ansvarlig redaktør

[email protected]

+4799224355

Amedia logo

Telefon 22 00 90 00

Org nr. 917 127 328

Personvern

Besøksadresse

Schweigaards gate 15
Postboks 1168 Sentrum
0107 Oslo

Fakturaadresse

(selskapsnavn AS)
Postboks 123
2027 KJELLER