Sogn Avis vart etablert i 1993 etter ein fusjon mellom Sogningen/Sogns Avis (S/SA) og Sogn og Fjordane.

Avisa Sogningen hadde sitt opphav i Vik i Sogn i 1897, men flytta fleire gonger før avisa enda opp med Leikanger som utgivarstad i 1957. Etter samanslåinga med Sogns Avis vart den nye avisa, Sogningen/Sogns Avis ei av dei største pressesuksessane i Sogn og Fjordane nokon gong. Sogn og Fjordane vart etablert i 1932.

  • Formålsparagraf

    Sogn Avis er partipolitisk uavhengig, men skal ha skarpe meiningar også om politiske parti. Me skal i det daglege ha fokus på nyhende der eitt av måla er å setja dagsorden. Debattstoffet skal ha sentral plass i avisa. Dei små nyhenda og dei gode historiane skal også ha viktig plass i avisa. Terskelen for å få spalteplass skal vera låg, men det er viktig at me gjer ei journalistisk vurdering av omfanget på stoffet. Sogn Avis skal redigerast på nynorsk.

    Vær Varsom Plakaten er rettesnora vår i det journalistiske arbeidet. Kjelder som er misnøgde skal få tilbod om rask klagehandsaming i avisa. Me skal også bidra til at saker raskt kan bli handsama i Pressens Faglige Utvalg (PFU).