Nynorsk som samfunnsoppdrag


Kulturminister Thorhild Widvey og dåverande statssekretær Knut Olav Åmås vitja Firda og Nynorsk Avissenter i slutten av april. Her saman med praktikantane Marius Myklebust, Frode Grimelid og Camilla Aasen Bøe.  

Norge har to likestilte målformer; bokmål og nynorsk. Når ein er minst, må ein kjempe for sin eksistens. Ein del av Firda sitt samfunnsoppdrag er å kjempe for at nynorsken held stand som eit levande bruksspråk.

OPPDATERT NOVEMBER 2014: 

Avissenteret hos Firda er blant de områdene som har kommet inn i budsjettet etter at regjeringspartiene og støttepartiene har kommet til enighet om statsbudsjettet for 2015.

---

Hausten 2012 tok Firda Media initiativet til å opprette Nynorsk Avissenter. Utgangspunktet var at både vi og andre nynorskaviser hadde vanskar med å få gode søkarar til ledige journaliststillingar. Som største nynorskavis i landet tok vi mål av oss til å gjere ein innsats for å styrke rekrutteringa til dei 59 nynorskavisene.

Vi oppretta ei praktikantordning med stor vekt på praksis i redaksjonen for å lære opp nye journalistar.  Vi prioriterte å ta inn søkarar med ei fagutdanning i botn for å styrke mangfaldet i redaksjonane. Vi etablerte eit samarbeid med NRK Nynorsk mediesenter i Førde om opptak og førelesingar i språk og mediefag. Totalt får praktikantane vel 20 førelesingar, men først og fremst praktisk trening i fire månadar i Firda i å produsere nyheitsartiklar, reportasjar, videoar og kommentarar i både nett- og papiravisa. Dei to siste månadane i opplæringsprogrammet har dei rein praksis i ei sjølvvald avis. 

Dette har vore veldig spennande. Kvart kull har bestått av fire praktikantar. Vi har fått inn unge, nysgjerrige journalist-spirer som alle har ønske om å lære. Praktikantane har utfordra ein etablert redaksjon.  Ikkje minst har dei raskt tatt i bruk nye medier. Videoproduksjon med iphone vart ein suksess, og snart var det praktikantane som hadde kurs for etablerte Firda-journalistar.

Vi vågar påstanden at avissenteret så langt har lukkast, fordi vi får særs gode tilbakemeldingar frå redaktørane og avisleiarane som har tatt mot praktikantane i praksis.

Nyheitsleiar Olav Johannes Bøthun i avisa Hallingdølen seier det slik: «Etter opphaldet ved Nynorsk Avissenter framstår praktikanten som profesjonell i alle ledd av journalistjobben og kan gå rett inn i vaktplanen i redaksjonen.»

Redaktør Hilde Garberg i Jærbladet skriv i ei tilbakemelding at ho er imponert over både den journalistiske og digitale kompetansen til praktikanten frå Nynorsk avissenter. I tillegg likar ho at det ligg ei fagutdanning i botn: «Det er eit viktig tilskot til moderne redaksjonar, som no oftare fyllast opp med unge menneske som har tre-fire års fagutdanning i journalistikk, men som ofte ikkje har kjennskap til andre fag eller erfaring frå yrkeslivet. Eg meiner at Nynorsk Avissenter her gir norsk presse eit viktig tilskot.»

Nynorsk Avissenter har så langt vore etablert som eit prosjekt - med finansiering frå eksterne partar, Firda og Amedia. Det har vore økonomi til tre praktikantkull, og kull tre startar 25. august 2014 og skal vere ferdig februar 2015.

Då vil 12 nynorskbrukarar på kort tid utvikla seg til gode journalistar med høg digital kompetanse.

Nynorsk Avissenter er no klar til å ta steget frå prosjekt og prøvefase til stifting og permanent drift. Firda Media står klar til å stifte senteret. Landslaget for nynorskkommunar og Mediebedriftenes Landsforening er positive til å bli med som medstiftarar og delta i styrearbeidet. I tillegg til opplæring av journalistar, vurderer ein grunnlaget for å tilby avisene kurspakkar i godt nettspråk, videoproduksjon og utvikling av lokalt tilpassa web-tv. For det er ikkje tvil om at bransjen treng multimediale journalistar som publiserer like lett på nett- som i papiravisa og kan lage videoar, interaktiv grafikk og direktesendingar i tillegg til den tradisjonelle nyheitsartikkelen og reportasjen. Nynorsk Avissenter legg vekt på å utvikle denne typen multimediale journalistar som kan vere innovatørar i nynorskavisene. 

Skal vi få dette til er vi avhengige av at Kulturdepartementet gir oss støtte. Vi argumenterer med at avissenteret har ei nasjonal oppgåve til beste for nynorsken, og Firda Media har søkt Kulturdepartementet om støtte over statsbudsjettet.

I slutten av april vitja kulturminister Thorhild Widvey og dåverande statssekretær Knut Olav Åmås Firda og Nynorsk Avissenter. Dei to fekk ein nærare gjennomgang av søknaden.

- Eg er imponert over kvalifikasjonane til praktikantane og ser at opplegget er eit særs målretta tiltak. Søknaden om økonomisk støtte må vi behandle på vanleg måte i samband med statsbudsjettet, sa kulturminister Thorhild Widvey då.

- Hausten blir såleis ei skjebnetid for Nynorsk Avissenter. Dersom Kulturdepartementet seier nei til vidare statleg medverknad, er det vanskeleg å sjå føre seg vidare drift av senteret.  Vi håpar sjølvsagt på eit positivt svar, sier ansvarlig redaktør/daglig leder i Firda Media, Yngve Årdal.

- Det vil vere viktig for nynorsken i media.