Europas beste lokalavis


Dei lager Europas beste lokalavis. – Utan tvil den gjevaste prisen vi har fått, seier en stolt redaktør, Tomas Bruvik.

Offentleggjeringa av prisvinnarane i European Newspaper Award kom rett før helga. Amedia-eigde Kvinnheringen gjekk heilt til topps blant 196 konkurrentar frå 26 land om å vinne prisen for beste lokalavis. Prisen føyer seg inn i rekkja av fleire avisprisar Kvinnheringen har henta heim.

– Det var veldig overraskande, dette hadde eg aldri trudd. Når eg har sett andre aviser få denne prisen, har eg fabulert og tenkt kva som hadde skjedd dersom vi kunne få ein slik pris, seier Bruvik. 

– Kva trur du er grunnen til at Kvinnheringen kan vinna ein europeisk pris, i sterk konkurranse med aviser frå heile Europa? 

– Det er fleire ting. Vi har ein dyktig og kreativ stab på alle felt. I tillegg vågar vi av og til å gjera ting som er litt uvanleg i avisverda, seier Bruvik. 

Han trur denne prisen vil bli lagt godt merke til rundt om. Kvinnheringen har vore gjennom eit spesielt år med mykje frustrasjon grunna innføring av nye produksjonsmetodar. 

– Men no har vi funne ein veg vi kan leva godt med. Etter eit slikt år bak oss, smakte det ekstra godt å bli kåra til Europas beste avis, seier Bruvik. 

Prisen vert delt ut i Wien den 3. mai 2016. 

Les meir om prisvinnarene