Når avisa taler og kommunen snur


I området ved sida av brannstasjonen, vendt ned mot Husnes sentrum, planla kommunen først å byggja 19 bustader for vanskelegstilte. No snur kommunen. Foto: Kvinnheringen

Kvinnheringen oppdaga at kommunen ønskte å byggja 20 husvære for rusmisbrukarar og flyktningar i saman. I sakspapira stod det at fagfolk var positiv til dette, og at dette var bra for både brukargruppene og lokalsamfunnet.

Avisa kontakta fagfolk i kommunen, flyktningtenesta, rusomsorga og lensmann. Vi kontakta og brukargruppene, flyktningar og rusmisbrukar. Ingen av desse, absolutt ingen, såg seg tente med å få bygd desse bustadene eller samla desse menneska på same plass.

Rådmannen ville ikkje seia noko om kva fagfolk han hadde snakka med, men stod fast på at dei hadde rådført seg med fagfolk.

Gjennom fleire reportasjar skreiv Kvinnheringen om saka. Det enda med at den vart stogga politisk i formannskapet, og send tilbake til ny handsaming i byråkratiet.

Då saka kom tilbake til politikarane var rådmannen si tilråding at ein ikkje burde byggja ein felles «ghetto». I staden vil ein kjøpa/byggja fleire mindre hus rundt om i kommunen, slik alle fagfolka og brukargruppene som Kvinnheringen snakka med tilrådde.

- Her har avisa teke ansvar for dei «svakaste» gruppene i samfunnet. Dei gruppene som elles gjerne ikkje kjem til orde og får sagt sitt, og dei vi i avisene verkeleg er til for. Vi har snakka med dei, og dei får det no slik dei ønskjer. Truleg hadde dette vore ei sak som berre hadde glidd gjennom «systemet» om det ikkje var for lokalavisa, sier redaktør i Kvinnheringen, Tomas Bruvik.

Kvinnheringen vant Amedias pris for Årets næravis i 2014