Dalsfjordbrua


I desember 2013 opna Dalsfjordbrua. Den bitt saman kommunane Askvoll og Fjaler. Det har vore ein lang kamp for bruforkjemparane for å få dette til. Det var ein gledens dag då snora vart klipt 14. desember. 

Firda har følgt kampen for å få til brusambandet gjennom mange år. Også bygginga av bru og tilknytingsvegane har gitt mykje redaksjonelt stoff. Her har vore dødsulukker, tunnelar som har brote saman og knust lastebilar, og eine entreprenøren gjekk til retten for å få ut meir pengar grunna dårleg fjell som gjorde tunnelbygginga meir kostbar.

Men no står brua der.